På barrikadane for regnskogen i Peru

Hei alle saman. For ei tid attende skreiv eg eit innlegg for mi særs lokale lokalavis (difor personfokus på Sundårets kulaste Tysnesingar), og eg tenkte at eg liksågodt kunne publisera same teksten her, av di eg vonar det kan vera av interesse. Den handlar om turen vår til Peru i 2011, og om den påfølgjande demonstrasjonen me arrangerte i Oslo i april.

På barrikadane for regskogen i Peru

 

Øyvind og Helene med plakat og rapporten i nevane, klare for aksjon

Øyvind Skartveit og Helene Flakke var torsdag 19. april i Oslo for å demonstrera mot Statens Pensjonsfond Utland sine investeringar i regnskogverstingar. Korleis kom dette til?

Reisa eit år? Jobba eit år? Byrja å studera? Valmoglegheitene er ofte mange, men for meg var det desse tre det sto mellom då eg var ferdig på Stord VGS i fjor. Velja trong eg ikkje. Eg har ikkje tenkt til å skriva ein lang tekst om kvifor folkehøgskule er flott og bra, men eg har ikkje angra eit sekund, og eg har fått putta alle dei tre ynskja mine saman til eitt. Så, kvar har eg vore, kva har gjort året så bra?

Vitja Peru før demonstrasjonen

Eg går dette året på Sund folkehøgskole på regnskoglinja der, og har gjort mange ulike ting gjennom året. Før jul reiste klassen på ein to månader lang studietur til Peru, Amazonas. Me var der for å læra spansk, vitja eit urfolk og oppleva noko nytt, og det vart litt av ein tur. Eg kjem diverre berre til å nemna dei litt kjipare delane av turen, då det me såg og høyrde mykje om, var oljebransjens forureiningar av landskap, dyr og menneske. Dessutan er det lest opp og vedteke at t.d. sumarfuglar i alle fargar og flotte menneske sjeldan gjev grunn til å vera offentleg sint framfor Stortinget.

Oljeutvinning i regnskogen

Etter å ha reist gjennom Peru i halvanna veke kom me til regnskogsbyen Iquitos, der me gjekk på språkskule i to veker. Me budde hjå vertsfamiliar og fekk innsikt i livet til ein peruansk familie, og på slutten av opphaldet var me med på ein konferanse. Den var arrangert av indianarar frå heile Loreto fylke, inkludert representantar frå eit folk som heiter Kukama-Kukamiria. Desse skulle me seinare bu saman med i tre veker, noko me var veldig spente på. Dei arrangerte dette grunna at for førti år sidan byrja oljebransjen å utvinna i området, med dei problema dette førte med seg. Me fekk sjå bilete og høyra historier om utslepp av råolje frå røyr og transportbåtar, om ureint drikkevatn og fisk som vart borte, om høge miljøgiftkonsentrasjonar i blodet deira og om daude delfinar i hopetal.

Konferansen vart avslutta med ein kjempedemonstrasjon gjennom gatene i Iquitos der dei kravde at oljebransjen skulle rydda opp etter seg, og ikkje opna nye felt utan samtykkje frå menneska som tradisjonelt har budd i området. Ei ny lov i Peru seier at urfolka som bur i dei aktuelle områda ikkje treng å konsulterast på førehand, og at dei dessutan ikkje har veto-nei til drift i området. Denne lova er øydeleggjande for territorierettane til urfolk i Peru. Dette rører òg ved ein del ukontakta urfolk i Peru, dei har då ikkje høve til å snakka for seg sjølv, kontakt med desse tyder ofte død, og denne demonstrasjonen fekk sett fokus på dette.

Regnvatn i plastbøtter

Me reiste vidare for å bu hjå Kukamafolket i naturreservatet Pacaya Samiria, me er 17 stykk i klassen, og dei fleste av oss budde i ein landsby som heiter «Dos de mayo». Då me var der, høyrde me dei snakka ein del om fisken og matmangel, og me såg at dei samla heller regnvatn i plastikkbøtter og rasjonerte dette til drikke/vaskevatn enn å nytte seg av Amazonaselva som låg ti meter frå husa deira. Maja Melberg frå klassen og eg vart nyfikne på dette, og fann ut at me skulle laga noko som likna på ein spørjeundersøking. Det me kom fram til var i grove trekk at alle fiskesortane har krympa, det er færre fisk i elva, og då råolja låg som eit lok over vatnet førre januar fekk dei utslett på huda, hovudpine, vart kvalme og fekk diaré og oppkast, og dessutan mista dei høvet til å fiska. Fisken er den viktigaste matkjelda til folket, som lev meir eller mindre sjølvberga.

Nokre dagar seinare fekk me høve til å reisa oppover elva for å sjå kvar oljesølet kom frå. Me reiste to ekspedisjonsgrupper, ei som skulle djupare inn i nasjonalreservatet for å vitja og få fotografert oljebrønnen som ligg nokre timars marsj inn i skogen sør for landsbyen «San José de Saramuro», samt ei som skulle få sjå staden der røret hadde sprunge lekk og forårsaka sølet dei hadde merka to dagar lengre nede i elva. Eg var med på gruppa som skulle inn til oljebrønnen. Denne oljebrønnen er drifta av det argentinske selskapet PlusPetrol.

Spilolje og flytande kjemikaliar

Ved sida av jaguarspor, å sova berre dekka av myggnett i jungelen, balansegong på oljerøyr i fleire timar, vassmangel og ris til alle måltid ei veke i strekk fekk me sett om lag det me hadde trudd me kom til å finna. Klassen vart diverre stoppa av vaktar, men dei to kjent-personane me hadde med oss fekk lurt seg fram til verksemda nattestider, og fekk teke bilete då det lysna. Bileta visar sjølve pumpa, hola dei har grave i bakken til spelolje og anna flytande kjemikaliar og ein avfallsplass. Det er berre mogleg å koma seg inn til området ved å balansere 15 km på oljerøyr eller med helikopter, så dei har ikkje funne det bryet verdt å få transportert korkje restolje eller anna avfall ut or reservatet.

Den andre gruppa fekk sjå staden der olja som hadde dekka vatnet «heime» i Dos de Mayo vart søla kunne fortelja at det såg ikkje bra ut. Det var nokre teikn på at dei hadde freista rydde opp der, men sjølv etter to regntider som skyla vekk ein del låg det att mykje gris. Sølet vart anslått til 300 fat og skjedde i januar 2011. Når regnet kjem skyler det ofte vekk dei synlege bevisa på søl, men dette tyder ikkje at olja forsvinn.

Oljebrønnen
Oljeboringa med spilolje i framgrunnen

Vil fortelja om opplevingane

PlusPetrol er ansvarleg for både røyret som gjekk sund i fjor og oljebrønnen inni reservatet. 45% av verksemda vert eigd av det spanske oljeselskapet Repsol, som sjølv har sine brønnar i Peru. Regnskogfondet har ved fleire anledningar klaga inn Repsol til Etikkrådet, instansen som etterser investeringane gjort av Statens Pensjonsfond Utland, også kjend som Oljefondet. R.fondet klaga dei inn mellom anna grunna Repsol sine omstridde prosjekt i områder av Peru der det bur ukontakta indianarar. Regnskogklassen fann difor ut at å få kasta Repsol ut frå investeringslista ville vera ein høveleg måte å nytta resten av skuleåret på. Dette tenkte me å gjera ved å halda føredrag om det me har opplevd på turen vår over heile landet, samt skriva ein rapport om opplevingane våre og halda ein demonstrasjon for å få markert at dette går ikkje an.

Etter å ha gjennomført føredragsturnéen, der me i tillegg til vidaregåande skular i Bergen snakka for Tysnes ungdomsskule, samt Onarheim og Lunde, sette me i gong med å planleggja aksjon. Me skulle til Oslo, og me skulle bli høyrd. Sjølv om det berre er regnskogklassen som sjølv har vore i Peru, var det stor interesse for aksjonen blant elevane på skulen, mellom desse skulens andre tysnesing, Øyvind Skartveit frå FN-linja, og det enda med at minst 60 menneske reiste frå skulen, heile vegen frå Nord-Trøndelag til Oslo.

Framfor stortinget

Aksjonen i seg sjølv tykkjer eg vart særs vellukka, me opna med trommeslag på oljetønner, og fortsette med appellar heldt av elevar frå klassen der det vart snakka kring turen, og så fekk me overlevert rapporten til Gerd Janne Kristoffersen, som sit i finanskomiteen på Stortinget for Arbeidarpartiet. Ho takka og sa nokre ord om korleis dei jobbar og Noreg sin politikk i høve Oljefondet. Etterpå var det tid for vår første appell utanfrå, ved Peruansvarleg i Regnskogsfondet, Anders Krogh. Han trekte mellom anna fram ein rapport dei la fram for få dagar sidan, der dei syner at Noreg investerer 27 gongar meir pengar i regnskogøydeleggjande verksemder enn dei gjev i bistand gjennom REDD-prosjektet, eit prosjekt som har skaffa Noreg internasjonal merksemd som regnskogreddar.

Visesongaren Jørn Simen Øverli tok turen for å spela to låtar for oss, som han har oversett frå russisk. Dette skapte knallstemning, og ein kunne sjå nokre menneskefigurar som titta ned på oss frå Stortingssalen for å sjå kva som var i gjære.  Vidare fekk me appell ved nestleiar i Natur og Ungdom, Tage Erlend Tellnes. Han snakka om kor viktig det var å verna verdas regnskogar, både av di dei har eigenverdi, men også at dei er viktige for verdas klima. Folkeaksjonen for et Rettferdig Oljefond haldt ein knallappell ved Aurora Førland, etterfylgd av Markus Rotevatn frå Changemaker, der me mellom anna fekk vita at regnskog vert eit satsingsområde for organisasjonen frå sumaren av.

Me runda av demonstrasjonen ved enno ein appell frå klassen der me krevjar at oljefondet trekkjer seg ut av Repsol og at oljefondet vert handtert meir etisk, og ein lang oljetønnesolo ved elevane på jazz-linja. Sjølv om desse til vanleg spelar gitar, piano og bass var tromminga stødig, og eg er ganske sikker på at dei omlag 200 som møtte opp var godt nøgde då dei gjekk heim att.

Alf, Njål, Martin og Eivind slår til med ein heidundrandes oljetønnesolo

Av Helene Flakke

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *