En klassiker om humanitet

Arne Garborg skrev i 1881 en artikkel til Fedraheimen om «humanitet». Det lille essayet er et radikalt forsvar for toleranse, ytringsfrihet og dannelse.

Mange av utfordringene han skriver om møter vi like sterkt i dag som i 1881. Det er mange saker i offentligheten hvor det medmenneskelige perspektivet ser ut til å mangle.

Arne Garborg er to the point. Her er det rene ord for pengene. Derfor er det på tide at vi tar en gjenlesning av Garborgs klassiker «Kva er humanitet?».

Ordsky: Kva er humanitet?

Arne Garborg: Kva er «humanitet»?

Når eg har vørdnad og medhug for det som er godt og ærleg, det vere lite eller stort; når eg har sans og syn for det som er fagert, sant og naturleg; når eg forstår og dømmer rettferdig om alt det som menn kan gjera, tenkje eller lide, det vere no godt eller vondt, – det er humanitet.

Når ein mann er i naud, og eg hjelper han, og hjelper han på ein slik måte at han kan taka imot hjelpa utan å kjenne seg skjemd eller bøygd; når ein mann har andre meiningar enn eg og eg forstår hans standpunkt, og forstår at han kan eller må ha det standpunktet, men eg vørder mannen like fullt, og er imot han som imot alle andre, – det er humanitet.

Portrett av Arne Garborg
Arne Garborg portrettert av Eilif Peterssen

Når eg har tilføre til å gjera eit låkt eller vondt verk som eg kunna ha stor vinning av, og som eg visste at eg kunne gjera utan at nokon i verda fekk vita det, men eg likevel ikkje kan gjera det, for di eg kjenner med meg sjølv at det ikkje er ærleg; når eg ser ein mann som fer stygt eller gali åt, eller er ein skarv eller ein brotsmann, og eg likevel dømmer han mildt, for di eg forstår korleis han kan koma til å fara slik, – det er humanitet.

Når eg er likså glad i det som hjelpa andre fram i velvære, mannsverd, opplysning, folkeskikk, – likså glad i det som i min eigen bate, og eg altså  følgjer med i det allmenne samfunnslivet og kanskje arbeider med i det, og så vidt som eg kan, – det er humanitet.

Når eg i alle ting held fast på min fulle rett og ærlege rett, men samstundes fullt ut vørder andre sin rett og aldri brukar vald mot verjelause; når eg til vern for meg sjølv og andre fører krig mot alt som er vodt, stygt eller farleg, så at de vonde maktene ingen skade får gjort, korkje på fe eller folk, korkje på land eller åndsutvikling, – det er humanitet.

Når eg lever fullt og sant med i det store, allmenne mannslivet og steller meg så som det sømer seg menn å stelle seg, – det i ein sum humaniteten.

For å kunna vera i full meining human, må eg ha  daning. Eg må vita det som menn bør vita: eg må kjenne dei store natur- livs- og samfunnslovene; – då fyrst kan eg nå opp til fullt å forstå meg sjølv og andre. Det er humanitetens grunnlag.

Råskapen forstår ikkje så mykje at han kan vera human. Råskapen bryr seg berre om seg sjølv, grev berre til seg sjølv, og trur at han kan vinne mest med det både straks og i lengda, er like sæl om alt samfunnsliv og åndsliv, dømmer og fordømmer alle framande meiningar og alle som ikkje «er som folk flest», hatar dei som lid naud for di dei «er til mein for andre», harmar seg over alle krav på framgang og utvikling for di framgang og utvikling kostar pengar og arbeid. –

Det er ikkje fritt for at vi kjenner litt til råskapen – den kjolekledde som den koftekledde – her i landet og!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *