Li 2 – Ein lang gang med mange dører

Eg kan huske dei første dagane på Sund. Då var korridoren lang og mørk. Det var lukka dører og uvist kven som budde innanfor dei ulike dørene. Men så kom første korridormøte og det var som heile korridoren opna seg.

Plutseleg var alle dørene opne og det strømte sollys inn. Ein viste kven som budde bak kvar einaste dør og ein kunne finne alle sittande i lag i enden av korridoren i vår kjære stue. Og i stua var eit magisk skap. For i det magiske skapet kunne ein finne absolutt alt og ingenting. Alt du treng for eit år på folkehøgskule. Der var generasjonar av pynt som vart hengt opp til alle årstider og det vart som ein evig fest i vår kjære korridor.

Samhold mellom elever i internatet på Li 2 der noen av elevene bor i skoleåret

For Li 2 har ei sjel, gammal og god sjel. Den har opplevd tallause mengder med elevkull og ber dette med stoltheit. Den har fått eit nytt preg på sjela for kvart kull, og for oss vart det Yummidalen. Også dette tok den i mot med glede og pryda seg med alt som vi sette fram og hengte opp.

Li 2 vart eit samlingspunkt. Om det var i sofaen i stua med ein kopp kakao og god musikk, eller inn på eit av romma sammanskvist i ei lita seng for å snakke om stort og smått. Og om det ikkje vart plass på rommet, ikkje fortvil, veggane ut til korridoren deler det meste med dei som er der…Til og med alle støvkaninane ville vere på Li 2, og det var vanskeleg å få dei bort. Men kva kan ein forvente av ei slik gammal sjel. Det må jo vere litt spor av fortid og historie.

To elever ser på hverandre

Li 2, ein lang gang med mange dører vil alltid vere ein spesiell stad for meg. Det har vore ein heim der eg har fått bu saman med fantastiske folk. Fantastiske folk som gjekk frå ukjente fjes bak lukka dører, til gode venner som alltid har døra open og opne armer for besøk!

Li 2 har det vore ein heim for meg, i eit år og det har vore ein lærdom om livet. For livet kan i blant kjennest som ein lang og mørk korridor, men om ein opnar alle dørene blir livet lyst og fult av glede.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *